Kjære Erna Solberg og Monica Mæland - no er det nok!

Framtida til domstolane står på spel, og nyleg arrangerte Stortingets justiskomite høyring om saka (Prop 11 L (2020-2021) Domstolsstruktur). Under høyringa var alle, inkludert Domstoladministrasjonen sin styreleiar, krystallklare på at det berre kan vere ein – 1 – domstol per rettskrins. Likevel skriv Høgre i ei pressemelding etter høyringa at: «Ingen domstoler skal legges ned» og «Ingen dommere sies opp». Dette vart også gjentatt av justisministeren på Stortinget sin talarstol i dag.

 

I Møre og Romsdal har vi sju førsteinstansdomstolar med kvar sin rettskrins: Fire tingrettar og tre jordskifterettar. Regjeringa foreslår å redusere dette til to: Møre og Romsdal tingrett og Møre og Romsdal jordskifterett. Netto tap av domstolar er altså fem (7 minus 2 er lik 5), men alle dagens sju domstolar vert lagt ned. I dag har vi sju - 7- domstolleiarar i Møre og Romsdal. Dersom regjeringa sitt forslag vert vedtatt, vil alle vi sju misse jobben. Det er berre rom for ein domstolleiar per domstol og ingen av oss sju er garantert å få jobben som leiar for Møre og Romsdal tingrett eller Møre og Romsdal jordskifterett. Desse stillingane skal lysast ut på vanleg måte. Nettoeffekten er at Møre og Romsdal misser fem – 5 – statlege leiarstillingar. Ein skal ikkje sjå vekk ifrå at desse vert erstatta med mellomleiarstillingar i den sentraliserte domstolen, slik ein såg ved politireformen.

 

Den type alternative fakta som Høgre si pressemelding inneheld, hadde eg forventa at partiet som har både statsminister og justisminister holdt seg for gode til. Eg trudde denne type retorikk var forbeholdt Trump og hans stab. Sylvi Listhaug bør slutte å uroe seg for at det kan verte svenske tilstandar i Noreg. Det er eit mykje større demokratisk problem at vi no ser ut til å ha fått amerikanske tilstandar i landet vårt! Ein får håpe det norske folk reagerer som det amerikanske og stemmer vekk Høgre og deira regjeringskameratar ved valet til hausten. Godt val!

 

Sorenskrivar Elisabeth Wiik

Søre Sunnmøre tingrett

Logg inn eller Registrer deg for å kommentere.