"Klima Antiklimaks"

pillar5guripillar5guri Innlegg: 2

"Klima Antiklimaks"

 

Underteikna er inderleg glad i naturen og difor særs irritert over å måtte finanisera den naturøydeleggjande vindkrafta via nettleiga. Kvifor vert ikkje eksisterande vasskraftverk oppgraderte?

 

Eg er så heldig å vera eigar av den ferske boka "Klima antiklimaks" skriven av den norske forfattaren, journalisten og politikaren Kent Andersen.

Boka er dagsaktuell og fortel om massehysteri, klimaindustrien, lygnpropaganda, makt, grådigheit, pengar og prestisje. Altså alt det som ligg bak raseringa av norsk flora og fauna med skjemmande og lite verksame vindturbinar.

 

Kommentarer

  • Lars MoanLars Moan Innlegg: 8

    Dette er eit flott og fint innlegg MOT vindmøller! Takk! For å seie det gåtefullt: I dag står valet mellom to vegar til øydelegging av naturen: Å vinne ut olje og å ikkje vinne ut olje.

    Den gongen oljen tok over for andre energikjelder, kunne både kvalen og skogen kvile. Naturen fekk vere i fred. No må både hav og land førebu seg på ei ny invasjon og øydelegging. Å verte co2-nøytral er viktigare enn alt anna.

Logg inn eller Registrer deg for å kommentere.