Kva er eigentleg AP ?

Det er noko med AP som ikkje heilt "rimar".

Eg har sjølv, i mange år, vore AP-sympatisør.

No føler eg at eg har vokse ifrå partiet.

Det partiet som ein gong var einerådande på god sosialdemokratisk politikk.

Det partiet som løfta oss ut av krisa etter den andre verdskrigen.

Det partiet som gjorde Noreg eineståande i å løfte "folket" til likskapen som har gjort sosaildemokratiet så eineståande i verdspolitikken.


I dag er det heilt andre politiske agendaer som fossar fram i mange land i verda.

Kan hende fordi grunnpolitikken i desse landa har vore heilt annleis i høve til her i Noreg.

Større ulikheiter, økonomisk (og kan hende også sosialt), skaper på mange måtar ulike konspiratoriske teoriar.

Ein kan peike på land som Ungarn og Polen i dagens situasjon.

Samt diverse tidlegare Sovjetiske republikkar.

USA er på god veg etter.

Men også, dog i lengre perspektv, kanskje spesielt italia.


Og det kan sjå ut som at Noreg er på veg i same retninga etterkvart.

Med ein FrP-politikar som kan prestere å nominere, kan hende den største kospirasjonspolitikaren av alle, Trump til Nobels fredspris.


Men korleis er det med Arbeidarpartiet oppe i det heile ?

Støre "dømer og fordømer" dei ulike landa.


Men korleis er det her heime ?

Partiet som i utgangspunktet initierte kommune/fylkes-samanslåingane i si tid ?

Korleis taklar dei at eit massivt folkeopprør strider imot mange av desse endringane ?

Plutseleg er AP motstandar av mange samanslåingar.

Men, i motsetnad til SP (som heile tida har flagga motstand), kan ikkje AP forvente å bli trudde på motstanden.

Og sjølvsagt kan dei ikkje det, all den tid det var dei som i utgangspunktet starta prosessen.


Kva så med miljøpolitikken ?

Olja til dømes ?

Korleis stiller Støre & Co. seg til den problematikken ?

Veldig vagt må det seiast, og iallefall ikkje på miljøet si side.

Raudt (faktsik), SV og MDG er milevis føre AP når det gjeld miljøpolitikk i så måte.

Raudt og SV kan godt også enkelt "rangerast" føre AP når det gjeld sosialpolitikk etterkvart.


Kva står AP igjen med i så måte ?

Har AP noko som er unikt ?

Har dei ei spesiell sak dei kan "spele" på ?

Kva er det som gjer AP til eit parti å faktisk bruke si stemme på ?

Kva gjer at AP ikkje lenger kan forvente 40% av stemmene til nordmenn ?


Kort sagt, AP har mista sin unike posisjon i Noreg.

Og for å endre på dette, så teng partiet ein heilt spesiell partileiar.

Ikkje "ei grå mus" som Støre til dømes.

Kommentarer

  • Reidar kaarbøReidar kaarbø Innlegg: 31

    "No føler eg at eg har vokse ifrå partiet."

    Nei, det er nok partiet som har vokst fra oss. Ledelsen er kuppet av høyrefolk, partiet har blitt et høyreparti med EN målsetting: at de borgerlige skal fortsette å regjere og demontere velferdsstaten.

    Det burde jo vært en drømmesituasjon å sitte i opposisjon til H + V + Krf. Den ene utrolige saken etter den andre nærmest roper etter alternativ politikk. Men AP er taus. Støre er ikke alene, han sitter i godt selskap med høyrefolk. Hvis du vil bevare sosialdemokratiske verdier og ha klare svar, er det mulig du må se lengre til venstre enn AP.

  • Arve Stig DamstuenArve Stig Damstuen Innlegg: 2
    redigerte January 12

    Eg tenkjer at du er inne på noko der.

    Så forklarar det i tilfelle at AP har mista seg sjølve i så måte.

Logg inn eller Registrer deg for å kommentere.