Ei grammatisk mislaging

For ei tid sidan var det diskusjon om namneforma Vy istaden for NSB. Dersom ein kjenner opphavet til vy, kan denne forma kanskje forsvarast. Men det er ofe slik, at når noko vert innarbeidd i talemålet, så vert det akseptert endå om det ikkje er rett. Vi har til dømes: " vidaregåande skule" (eller:" videregående skole") som er like gale på begge dei to offisielle målformene. Dette er eit verb i presens partisipp: vidaregåande, som visar til substantivet skule (skole). Og som kjent, er det ingen skule som kan"gå vidare", det er eleven som går vidare på skule. Dersom det var meininga at fleire skuleslag skulle skjulast under den same nemninga, så måtte det vel vera ein meir logisk måte å løyse dette på. I det tidlegare Sovjet, så nytta dei nummer på dei ulike studieretningane.


H. K. Øverland

Logg inn eller Registrer deg for å kommentere.