Må musikk vere sekulær for å få kvalitetsstempel?

Leiv Arne GrimstadLeiv Arne Grimstad Innlegg: 1

I høve Bob Dylan sin 80-årsdag har Dagbladets Øyvind Rønning i eit elles velskrive tilbakeblikk 21. mai nokre formuleringar som ikkje bør stå ukommentert.

Kvar sin smak, rett nok, men når Rønning skriv dette om Dylan sine tre kristne album frå 1979 til 1981, så dyrkar han, etter mitt syn, ein fordom:

”Albumene til Dylan holder ujevn kvalitet, med de tre han ga ut som en gjenfødt kristen, fra 1979 til 1981, som de minst ”ærefulle”. Med ”Infidels” i 1983 var han tilbake med en sekulær plate, og fansen pustet lettet ut.”

Rønning set ”ærefull” i parentes. Kva ligg i det? Kva går ærefallet ut på? Må musikk vere sekulær for å få kvalitetsstempel?

Litt ironisk i så måte er det vel at ein annan Dagblad-tilknytt musikkmeldar, Fredrik Wandrup, var svært rosande til Dylan sitt bootleg-album ”Trouble no more”, som bygger på musikk frå den nemnde perioden.

 

Min påstand er at desse tre albuma var nødvendige trådar å få på plass i livsveven for ei sanningssøkande sjel som Dylan. Han har aldri sett seg tilbake. Hadde han gjort det, ville vi aldri ha fått desse albuma. Dei uttrykker rett og slett kjensler og haldningar som Dylan hadde undertrykt og måtte få på plass for å gjenvinne balansen etter turbulente år med ekteskapeleg havari og andre vanskar. Han har garantert visst at gjenfødinga som kristen ville vekke anstøyt mellom dei sekulært musikklærde, men for å seie det litt folkeleg; det ”dreit” han i. Han måtte vidare, dit livet førte han. Det er då ein kunstnar sitt kall.

Det kan elles vere interessant å nemne dei to albuma som kom før og etter dei tre spesifikt kristne; ”Street Legal” før og ”Infidels” etter. Medan ”Street Legal” varslar eit komande oppbrot, som særleg kjem til syne i songane ”Changing of the Guards” og ”Senor”, er ”Infidels” tilsvarande eit album med spor frå desse åra, ganske så tydeleg i opningssongen ”Jokerman”: ”Freedom just around the Corner for you, but with Truth so far off, what good will it do?”.

Så kan ein diskutere om eit musikkalbum, eller ein enkel song, må ha eit sekulært anslag for å få kvalitetsstempel og bli rekna mellom dei ærefulle.

”Gotta serve somebody”, ”Precious Angel”,”Man gave Names to all the Animals”, ”What can I do for you”, ”Heart of mine” og ”Every Grain of Sand” er berre nokre av fleire perler frå desse albuma. Etter mitt syn.

Dylan er ingen statue. Han speglar livet i den fasen og alderen han er. I songen ”Black Rider” på det siste albumet ”Rough and rowdy Ways” har han også ei melding til sin eigen mørke sjeleryttar: ”Eg går vidare, du prøver å få meg til å sjå tilbake” .

LEIV ARNEGRIMSTAD, Hareid

Logg inn eller Registrer deg for å kommentere.